Articles and Reviews

Reviews

Faya

Firdsposten

CHRISTIAN KJELLVANDER - "Faya"

Ei blanding av Midnight Choir og Townes Van Zandt pluss ein tøtsj av Springsteen i "Nebraska"-modus. Høyrest dette interessant ut?

Christian Kjellvander er nok ein forholdsvis ukjend svensk artist av høg kvalitet. "Faya" er andre plata hans.

Den første, "Songs From A Two-Room Chapel", kom ut i 2002 og var ei positiv overrasking.

Kjellvander, født i Sverige, men busett i USA frå han var ca. 2 og 10 år frametter, starta platekarrieren sin i bandet Loosegoats som var ei blanding av alt.country og indierock. Saman med dei gav han ut 4 album og diverse EP’ar.

Han reiste tilbake til USA og oppheldt seg der medan han laga materialet til denne plata og spelte konsertar, mellom anna som oppvarming for the Cardigans.

Og den er blitt amerikansk i uttrykket, som innleiinga ymta om, så er dette mørk, countryinspirert rock, men også rolegare parti og innslag av litt tyngre taktar. Tekstmessig er plata også mørk, den kan verke nesten sjølvbiografisk med mest fokus på tinga som plagar han. På overflata kan det verke dystert, men når du oppdagar dei forskjellige laga under, gløymer du dette. Ei veldig fin plate.

Sjølve plata er spela inn i ein gammal skule i Skåne i Sør-Sverige, og til å mikse plata henta dei over Craig Schumacher, kjend frå arbeid med Calexico, Steve Wynn og Green On Red. Medverkande på plata er musikarar frå alt.country-miljøet i Sverige, og i tillegg syng Nina Persson frå the Cardigans duett på "Roaring 40’s".

Høgdepunkta er "Reverse Traverse Blues" og "Drag The Dirt In".

| URL